Hopp til innholdet

Symfonisk opning av festspela

Dei 73. Festspela i Bergen er i gang. Hennar Majestet Dronning Sonja var til stades under det tradisjonsrike gratisarrangementet på Torgallmenningen, som markerte startskotet for 15 dagar med opplevingar innan musikk, teater, dans og mykje meir.

21. mai 2025

Dronning Sonja og kulturminister Lubna Jaffery under opninga av årets festspel. Foto: Paul S. Amundsen / NTB

På scena i Bergen sentrum, framfor eit par tusen tilskodarar og med sol frå skyfri himmel, stod Bergen Filharmoniske Orkester under leiing av dirigent Grete Pedersen.

Dronning Sonja kjem til opningsseremonien ifølgje med festspeldirektør Lars Petter Hagen og styreleiar for Festspela i Bergen, Thorhild Widvey. Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Publikum fekk høyre musikk av Grieg, Stravinskij, Schubert og Beethoven, og dei fekk ta del i allsong med «Nystemten» og «Ja, vi elsker». Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og ordførar i Bergen, Marit Warncke, heldt talar.

Før opningsseremonien på Torgallmenningen vart Dronninga møtt av lystig korpsmusikk i regi av Norges Musikkforbund. Midtun Skoles Musikkorps og Samnanger Skulemusikklag spelte mellom anna «Seterslått» og «Kongolela» av Jan Magne Førde og «September» av Maurice White.

Kongekorpset spelar ved ankomst Den blå steinen. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Dronning Sonja var òg til stades under ein lunsj i Håkonshallen i høve festspela, der Bergen kommune og ordføraren var vertskap.

I kveld er Dronning Sonja til stades ved opningsframsyninga i Grieghallen – William Kentridge si «The Great Yes, The Great No». I morgon er det opning av Festspelutstillinga 2025 i Bergen Kunsthall. Tori Wrånes er årets festspelkunstnar.

Kong Harald er beskyttar for Festspela i Bergen.

Festspillene i Bergen 2025

Dronning Sonja og kulturminister Lubna Jaffery under opninga av årets festspel. Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Dronninga fekk blomster av Sigurd Dagestad og Emilie Skogheim. Foto: Paul S. Amundsen / NTB
Dronninga fekk blomster av Sigurd Dagestad og Emilie Skogheim. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet