Hopp til innholdet

Ta del i feiringa av H.M. Kongen

Publikum er invitert til å ta del i 70-årsfeiringa av Hans Majestet Kongen gjennom ulike aktivitetar dei komande dagane.

20. februar 2007

Onsdag 21. februar kl 15.30

Stortinget overrekker gåva frå dei folkevalde ved eit arrangement i Slottsparken. Gåva er ein statue av Kronprinsesse Märtha. Publikum er velkomne til arrangementet, der Kongefamilien vil vere tilstades.

Onsdag 21.- torsdag 22. februar kl 12.00-15.00

21. og 22. februar er det mogeleg for publikum å skrive seg inn i gratulasjonsprotokollen for Kongen. Begge dagar frå klokka 12.00 til klokka 15.00. Protokollen vil liggje i kapellinngangen på Slottets nordre side.

Laurdag 24. februar kl 22.45

Laurdag kveld er publikum invitert til å møte opp på Slottsplassen, der det blir gjort klart for ei overrasking for Kongen. Dette er Forsvarets gåve til H.M.Kongen.