Hopp til innholdet

Talte til 600 skuleelevar

I dag vart Elevtinget 2026 opna på Gardermoen. – De er samla her fordi de har forstått noko viktig. At kvar og ein av dykk kan vere med å påverke, sa Den Høgvørde Kronprinsen i talen sin.

9. mars 2026

Kronprins Haakon ler medan han tek imot ein kopp med påskrifta «Eg drikk rektortårer».
– Det er vi som er framtida, sa leiaren i Elevorganisasjonen, Martine Løkken Svendsen, i velkomsttalen sin. Her gir ho Kronprinsen ein kopp i gåve. Foto: Lise Åserud / NTB

– Det har noko å seie kva nettopp du engasjerer deg for, understreka Kronprins Haakon.
– Og at de kan få til langt meir i fellesskap enn kvar for dykk, slik som her på Elevtinget – saman med skuleungdom frå heile Noreg.

Elevorganisasjonen er organisasjonen for elevar og lærlingar. Organisasjonen har 180 000 medlemer som kvar einaste dag tek kampen for å skape verdas beste skule.

Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen vart kåra til Noregs beste elevråd under opninga, og Kronprinsen delte ut prisen – ein pokal.

Kronprins Haakon tar ei jente i handa. Ho held pokalen.
Kronprins Haakon gratulerer elevrådet ved Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen med prisen «Noregs beste elevråd».
Kronprinsen på scena under talen.
Kronprins Haakon talar under opninga av Elevtinget 2026. Foto: Lise Åserud / NTB