Hopp til innholdet

Som følge av Kong Haralds bortgang kan det forekomme en del feil på dette nettstedet en tid framover.

Til Topps på Galdhøpiggen

H.K.H. Kronprinsen deltok på "Til Topps" laurdag - ein tur frå Jusvasshytta til Galdhøpiggen. Arrangementet er eit samarbeid mellom Raudekrossen og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og er eit tilbod til innvandrarar som er med i Integreringsprosjektet.

15. juni 2009

Over 1000 personar deltok denne helga, og rundt 800 gjekk til Galdhøpiggen på laurdag. Kronprins Haakon fekk helsa på mange av deltakarane på turen denne dagen, som gjekk i strålande solskin.

Noko av målsetjinga til "Til Topps"-arrangementa er å markere integreringsarbeidet i Noreg gjennom fleire turopplevingar. På førehand er det inspirert til nettverksbygging og trening lokalt.

"Til topps" vart òg arrangert i 2007, og fleire av deltakarane frå den gongen var òg med i år.

Frå turen til Galdhøpiggen (Foto: Bjørn Gunnar Auran, Det kongelige hoff)