Toppoppgjer på Skaugum
Innsatsen var minst like god som i den pågåande Verdsmeisterskapen. Team Skaugum møtte Nordstrand Allsport under den årlege vennskapskampen på «Skaugum arena» i kveld.
18. juni 2018

Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsen og Kronprinsessa, Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus gav alt da dei i kveld teama opp med tidlegare fotballspelar Hege Rise og landslagsspelar Guro Reiten. Motstandaren var Nordstrand Allsport, og legendariske Arne Scheie kommenterte hendinga. Med velkjent engasjement losa han alle gjennom kampen på 2 x 15 minutt.

Fotball for alle
Kampen er eit samarbeid mellom Noregs Fotballforbund og Kronprinsparet. Målet er å vise at alle kan ha det gøy med fotball. Laget frå Nordstrand består av flinke spelarar i alderen 10–21 år med fysisk eller psykisk utviklingshemming.
Uavgjort til pause
Det stod uavgjort ved halv tid. Da hadde både Prinsesse Ingrid Alexandra og Kronprinsessa sørgd for mål til heimelaget, og Prinsen var òg svært nær ei scoring. Men Nordstrand Allsport gav alt og sørgde for uavgjort til pausen.

Etter pausen var spelarane på begge lag heiltente og svoltne på siger. Bortelaget hadde lenge føringa, før laget på Skaugum kom sterkt tilbake. Scheie gav Kronprinsessa ros for godt forsvarsspel i andre omgang.

Da tida var ute, stod det 7–7. Dommaren bestemte at kampen skulle avgjerast etter første-målet-vinn-prinsippet. Nordstrand greip sjansen og sette inn det siste målet. Dermed enda kampen 8–7 til bortelaget.
Etter kampen vart det felles feiring for begge lag med smoothiar og sandwichar.

