Hopp til innholdet

Tre generasjonar

I høve 25-årsjubileet til Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga er det offentleggjort eit nytt bilete av Kongen, Kronprinsen og Prinsesse Ingrid Alexandra.

23. juni 2016

Arverekken til den norske tronen, 2016. Foto: Torgrim Melhuus, TiTT Melhuus as / NDR / Det kongelige hoff

Biletet er teke framfor dei norske kronregalia – på same stad som for ti år sidan, da arverekkja vart avbilda i samband med 100-årsjubileet for kroninga av Kong Haakon og Dronning Maud.

Kronregalia

Regalia vart skaffa til kroninga av Kong Carl Johan i 1818, for under unionen med Danmark var det halde felles kroningar i Danmark for begge rika – med danske regalia. Dei opphavlege norske regalia, nytta frå 1100-talet og framover, gjekk tapt under reformasjonen i 1537.

Kong Carl Johan betalte sjølv for krona og anna utstyr til seremonien.

Noregs siste kroning

Kongekrona og Dronningkrona låg på alteret under signinga i 1991, som ved signinga av Kong Olav V i 1958, men blir ikkje lenger plassert på hovudet til monarken. Kong Haakon og Dronning Maud var siste Kongepar som vart krona i Noreg – 22. juni 1906.

I dag blir Noregs regalia oppbevart ved Erkebispegarden i Trondheim, der dei står utstilte.

For pressa

Det er høve til å laste ned det nye biletet i god oppløysing via pressas fotoalbum. Biletet er berre til redaksjonell bruk.

Tre generasjoner 2016

Arverekken til den norske tronen, 2016. Foto: Torgrim Melhuus, TiTT Melhuus as / NDR / Det kongelige hoff | Last nedLisensinformasjon
Tre generasjoner: Kong Harald, Kronprins Haakon og Prinsesse Ingrid Alexandra 2006. Foto: Lasse Berre.