Tusen juristar i Operaen
I føremiddag var Hans Majestet Kongen til stades ved opninga av Det Nordiske Juristmøtet. Dei nordiske juristmøta har vorte haldne i dei nordiske hovudstadene sidan 1872.
21. august 2014

Møta blir haldne kvart tredje år, og samlinga, som opna i Operaen i dag, er den 40. i rekkja. Det er venta mellom 1000 og 1200 deltakarar.
Dei nordiske juristmøta er den fremste møteplassen for Nordens juristar frå alle delar av den juridiske profesjonen.
Programmet
Programmet spenner svært vidt og rettar seg mot både dommarar, advokatar, påtalejuristar, tilsette i offentleg forvaltning, næringslivsjuristar og rettsforskarar.
Møtet begynner med eit plenumsforedrag om grunnlovas funksjon i dei nordiske landa og blir avslutta med ein paneldebatt om openheit og tryggleik i Norden etter erfaringane med terrorhandlingar.
Juristmøtet blir avslutta med bankett 22. august.
(Kjelde: nordiskjurist.org)
