Ungdommens bystyremøte
H.K.H. Kronprins Haakon deltok i dag på opninga av Ungdommens Bystyremøte i Oslo rådhus. – Jeg er imponert over hva dere allerede har fått til. Det gjør meg trygg på fremtiden, sa Kronprinsen til ungdommane.
7. februar 2013

Ungdommens bystyremøte blir arrangert ein gong i året og er eit forum for unge i aldersgruppa 13 til 18 år. Fire frå alle lokale ungdomsråd, to frå barne- og ungdomsorganisasjonane og to frå alle elevråda i byen blir inviterte til å delta.
Ny rekord
Representantane kjem saman for å diskutere saker ungdom i Oslo er opptekne av, og prioritere fem saker som bystyret i Oslo skal behandle i løpet av same år. Møtet blir arrangert for 17. gong i år, og i dag er 176 delegatar samla i Oslo rådhus. Dette er fleire påmelde enn nokon gong tidlegare.
Opning i dag
Ungdommens bystyremøte blir halde i dag, 7. februar, og 15. februar. Leiar for Sentralt ungdomsråd Andreas Svela opna møtet saman med Oslo-ordførar Fabian Stang.
Kronprins Haakon heldt ei kort helsing til delegatane og oppfordra dei til å bruke denne sjansen til å seie kva dei meiner.
