Utnemning til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnemnt forfattar Roy Jacobsen (Oslo) til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.
1. september 2023

Roy Jacobsen får utmerkinga for den eineståande forfattarskapen sin.
Overrekking
Dekorasjonen vil bli overrekt ved eit arrangement på Petter Dass-museet på Alstahaug ved Sandnessjøen laurdag 9. september 2023.
