Utnemning til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnemnt professor emerita Kari Fasting (Eiksmarka) til Ridder 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.
5. september 2023

Kari Fasting får utmerkinga for innsatsen sin for likestilling og menneskeverd i idretten.
Overrekking
Dekorasjonen vil bli overrekt ved eit arrangement på Noregs idrettshøgskule tysdag 12. september 2023 klokka 14.00
