VelFERDkonferansen 2013
DD.KK.HH. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit deltok i dag på VelFerd-konferansen i Oslo. Arrangementet rettar søkelyset mot moglegheitene ved sosial entreprenørskap i Noreg.
25. februar 2013

Kronprinsesse Mette-Marit deltok blant anna i ein samtale frå scenen med Stig Skaar og Maria Christensen frå Pøbelprosjektet. Ungdommane tok utgangspunkt i eigne opplevingar og utfordra Kronprinsessa og Johan H. Andresen i Ferd til å dele erfaringar frå sine liv – om draumar, yrkesval, forventningar og ungdomstid.
– Det som jeg merker motiverer meg i min hverdag, er å treffe så flott ungdom som dere som virkelig kommer til å bety så mye for landet vårt. Tusen takk til dere begge to for at dere har gitt så mye av dere selv, avslutta Kronprinsessa med å seie. Pøbelprosjektet blir støtta av Kronprinsparets fond og hjelper ungdommar utanfor skole og arbeid til å komme ut i jobb eller i gang med vidareutdanning. Her er ikkje pøbel eit skjellsord, men uttrykk for ein verdifull ressurs.
Årets sosiale entreprenør
Kronprinsparet var til stades på eit fordjupingsseminar med den irske gründeren Caroline Casey. Dagen vart avslutta med kåringa av Årets sosiale entreprenør. Prisen gjekk til bedrifta Epleslang, som tilset personar med funksjonshemmingar, plukkar eple ingen vil ha, og produserer «Oslos beste eplemost».
VelFERDkonferansen
Ferd Sosiale Entreprenører ønsker med konferansen å sjå korleis sosial entreprenørskap kan bidra til å forhindre og førebyggje ung utanforskap. Deltakarane er representantar frå offentleg sektor, sosiale entreprenørar, politikarar og næringsliv.
Blant foredragshaldarane i år var Kristin Skogen Lund (NHO), Eddie Eidsvåg (gründer av Pøbelprosjektet, som er ein samarbeidspartnar for Kronprinsparets fond) og Kathrine Aspaas (forfattar, jornalist og siviløkonom).
VelFERDkonferansen
