Hopp til innholdet

Ver budd!

– Eg er sikker på at dersom verda bestod av fleire speidarar, hadde verda vore ein betre stad, sa Den Høgvørde Kronprinsessa da ho opna Speidartinget og delte ut pris.

11. november 2022

Årets Speidarting vart halde i Lillestrøm. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet

«Flammen» er Noregs speidarforbunds splitter nye utmerking til aktive roverar og unge leiarar som har vist eit brennande engasjement og har gjort ein stor innsats for speidarsaka. Utmerkinga skal vere ei anerkjenning og ein motivasjon til å fortsetje å gjere ein positiv forskjell. Kronprinsess Mette-Marit delte ut den nye utmerkinga til fem roverar:

Trond Anders Nordby, 23 år, frå Hønefoss speidargruppe
Marthe Elisabeth Bang Hellum, 21 år, frå Charlottenlund speidargruppe
Tordis Drivenes, 21 år, frå 1. Vennesla speidargruppe
Hanne Kristine Lybekk, 24 år, frå 1. Sandsvær speidargruppe
Regine Skogmo Grøtte, 22 år, frå 1. Sandsvær speidargruppe

Stolte prisvinnarar. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet

Speidartinget samlar kvart andre år speidarar frå heile landet for å behandle saker, leggje planar og vedta lover. I år er dei samla på Lillestrøm.

Kronprinsessa vart motteken av lokale speidarar. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet

Utanfor møtelokalet vart Kronprinsessa motteken av lokale speidarar frå Lillestrøm-området. Dei hadde teke på seg speidartøyet og kunne fortelje Kronprinsessa at dei gledde seg til helg, for da skulle dei ut på tur.

Kronprinsesse Mette-Marit er høg beskyttar for Noregs speidarforbund.

speidertinget 2022

Kronprinsessa erklærte årets speidarting for opna. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet
Kronprinsessa vart motteken av generalsekretær i Noregs speidarforbund Stine Schultz Heireng. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet
Kronprinsessa vart motteken av lokale speidarar. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet
Årets Speidarting vart halde i Lillestrøm. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet
10 år gamle Madelen Edvarda Eikefjord Bakke hadde blomster til Kronprinsessa. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet
Kronprinsessa delte ut "Flammen" til fem stolte speidarar. Foto: Simen Sund / Det kongelege hoffet