Verdscup i sprint
Hans Majestet Kongen var til stades ved verdscuprennet i sprint i Drammen i dag. Skirennet var lagt midt inne i bygatene, og Kongen kunne følgje den dramatiske jakta til skiløparane på nært hald.
11. mars 2010
Kong Harald fekk med seg kvartfinalane, seminfinalane og finalen for både kvinner og menn, saman med fleire titusen av tilskuarar som følgde renna frå fortau og enkelte opne utestader.
Bjørgen og Jönsson først i mål
I kvinneklassen vann Marit Bjørgen framfor to skiløparar frå Finland. Den argaste konkurrenten til Bjørgen, polske Justyna Kowalczyk, var uheldig og datt i finalen.
På herresida vann svenske Emil Jönsson etter ein spurt med Petter Northug jr, som vart nummer to.
Både Bjørgen og Jönsson vart gratulerte av Kongen.
