Verdscupfinale i Holmenkollen
Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga følgde skiskyttarane under laurdagens jaktstart i Holmenkollen. Der delte Kong Harald òg ut Holmenkollmedaljen til Nils Erik Ulset, den første parautøvaren som mottek den prestisjetunge utmerkinga.
21. mars 2026

Svenske Hanna Öberg vann jaktstarten for kvinner etter ein spennande duell mot Julia Simon frå Frankrike.
Ingrid Landmark Tandrevold blei beste norske på ein 7. plass.
Sturla Holm Lægreid vann sitt sjuande strake renn med sigeren på jaktstarten for menn.
Begge vinnarar blei tekne imot av Kongeparet og gratulerte på kongetribunen etter sigersløpa.
Kong Harald delte òg ut Holmenkollmedaljen under verdscuprennet. Holmenkollmedaljen gjekk i år til paraskiskyttaren og paralangrennsløparen Nils-Erik Ulset og den tyske skiskyttaren Franziska Preuss.
Holmenkollmedaljen er den høgaste utmerkinga i norsk skiidrett og blir delt ut til utøvarar som over tid har oppnådd framifrå resultat, samstundes som dei har utmerkt seg med gode sportslege og personlege eigenskapar. Holmenkollmedaljen blir delt ut av styret i Skiforeningen.


