Hopp til innholdet

Vinnaren er kåra

Den russiske barytonen Sergey Kaydalov gjekk sigrande ut av finalen i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2019 fredag kveld. Hennar Majestet Dronninga overrekte sjølv prisen til vinnaren.

23. august 2019

Dronning Sonja overrakte prisen til Sergey Kaydalov etter seieren i kveldens finale. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff

Seks talentfulle solistar stod på scenen under kveldens finale i Operaen i Bjørvika. Kaydalov overtydde med si tolking av Giuseppe Verdi og Pietro Mascagni og kunne ta imot premien på 50 000 euro og eit trykk signert Hennar Majestet.

Sergey Kaydalov framførte verk av Giuseppe Verdi og Pietro Mascagni i finalen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Dei andre finalistane var

  • Meigui Zhang (sopran), Kina
  • Natalia Tanasii (sopran), Moldova
  • Adam Kutny (baryton), Polen (tredje plass)
  • Stefan Astakhov (baryton), Tyskland (andre plass)
  • Theodore Browne (tenor), Tyskland
Dronninga overrekkjer andreprisen til barytonen Stefan Astakhov. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Dronning Sonja med alle finalistane. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Ingrid Bjoners stipend til beste norske deltakar gjekk til Astrid Nordstad frå Trondheim – delt ut av juryleiar Annilese Miskimmon. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Heile den flotte finalen vart strømma direkte over facebooksidene til musikkprisen – i tillegg til direktesending på NRK radio og kanalens digitale flater.

Hjelper fram talent

Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse blir arrangert kvart andre år og i 2019 for femtande gong. Deltakarane er hovudsakleg nyutdanna songarar i starten på ein karriere innanfor opera og klassisk musikk. Målet for konkurransen er å hjelpe unge talent til ein framtidig karriere. Han er òg ein brubyggjar mellom norsk og internasjonalt musikkliv.

QSIMC: Finale 2019

Dronning Sonja overrakte prisen til Sergey Kaydalov etter seieren i kveldens finale. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelige hoff
Finalist: Stefan Astakhov. Foto: Adrian Nielsen / QSIMC.no
Finalist: Theodore Browne. Foto: Adrian Nielsen / QSIMC.no
Sergey Kaydalov under fremførelsen på scenen.
Finalist - og senere vinner - 2019: Sergey Kaydalov. Foto: Adrian Nielsen, QSIMC.no
Finalist: Adam Kutny. Foto: Adrian Nielsen / QSIMC.no
Finalist: Natalia Tanasii. Foto: Adrian Nielsen / QSIMC.no
Finalist: Meigui Zhang. Foto: Adrian Nielsen / QSIMC.no