Hopp til innholdet

DD.MM. Kong Harald og Dronning Sonja på fylkestur 2026

Kongeparet besøker Vestland fylke frå 26. til 28. mai 2026. Under besøket skal dei innom kommunane Etne, Samnanger, Vaksdal og Askvoll. Kongeskipet KS «Norge» vert nytta under delar av reisa. Presse vert invitert til å dekke besøket.

30. april 2026

Tysdag 26. mai – Etne kommune

Kongen og Dronninga vert tekne imot på kaien i Etne før ferda går vidare til Stødle kyrkje, ei kyrkje med stor historisk verdi og knytt til Erling Skakke. Etter kyrkjebesøket vert det folkefest i Skakkeringen.

Besøket i Etne er sett til kl. 11.00–12.30.

Onsdag 27. mai – Samnanger og Vaksdal kommunar

Kongeparet kjem denne dagen til Samnanger kommune, med mottaking på Bjørkheim inst i Samnangerfjorden. Her møter innbyggjarane Kongen og Dronninga gjennom underhaldning, talar og framsyningar kringsett av fjord og i eit naturleg amfi.

Besøket i Samnanger er frå kl. 11.00–12.30.

Seinare same dag går turen til Vaksdal kommune, der Kongeparet kjem i kortesje til Dale skule. Også her møter dei innbyggjarane, og under leiing av Jørn Øyrehagen Sunde vert det framsyningar og musikk.

Etter arrangementet på skulen går ferda vidare til Dale Fabrikker. Vaksdal er ein kraftkommune, og tilgangen på vasskraft er grunnlaget etableringa av Dale fabrikker og Vaksdal Mølle (i dag Norgesmøllene). Kongen og Dronninga vil her også møte representantar for idrettsrådet som vil snakke om «Allemed»-prosjektet i kommunen.

Besøket i Vaksdal varar frå kl. 16.00–17.30.

Torsdag 28. mai – Askvoll kommune

Siste kommune på besøket er Askvoll. Kommunen har vore busett sidan steinalderen og var t.d. ein del av eit viktig område i vikingtida. I dag er det marin og maritim sektor som dominerer saman med landbruk.

Kongeparet vert tekne imot i Bøparken, før turen går vidare til Askvoll Delikatesser, der dei får informasjon om verksemda, Helle Fabrikker og Bue Salomon.

Deretter går turen til Rådhusplassen for folkefest.

Besøket i Askvoll varer frå kl. 11.00–12.30.

På ettermiddagen inviterer Kongeparet til mottaking om bord på Kongeskipet. Mellom gjestene er ordførarane i kommunane Kongen og Dronninga har besøkt, samt andre personar som har bidrege til gjennomføringa av besøket.

Akkreditering for presse

Presse som ønskjer å dekke heile eller delar av besøket, må søkje om akkreditering til:

Edvard Høgestøl, Statsforvaltaren i Vestland
E-post: edvard.hogestol@statsforvaltaren.no
Telefon: +47 913 83 573

Frist for akkreditering: 19. mai 2026 kl. 15.00.

Det er i utgangspunktet ikkje lagt opp til pressebuss og/eller overnatting organisert gjennom Statsforvaltaren. Ta gjerne kontakt dersom det er spørsmål knytt til dette eller andre praktiske forhold.

Eige presseprogram vert sendt ut til akkreditert presse.

Andre pressekontaktar:
Liv Anette Luane
Det kongelege hoff
E-post: livanette.luane@slottet.no
Telefon: +47 918 26 056