H.K.H. Kronprinsen møter sjømatnæring i Romsdal
I samarbeid med Norges sjømatråd vil kronprins Haakon besøke norske sjømatbedrifter på Vestnes og i Hustadvika, med utgangspunkt frå Molde torg, 13. april.
27. mars 2026
Kronprinsen skal besøke næringsbedrifter som representerer innovasjon og meir moderne og berekraftige løysingar.
Desse får besøk
Hofseth vil presentere innovative løysingar for havbruksnæringa gjennom besøk på det lukka testanlegget «Egget» på Gjermundnes i Vestnes. Anlegget representerer eit innovativt design som skal betre fiskehelsa og redusere miljøpåverknaden ved å eliminere lakselus og rømming, samtidig som slam blir omgjort til ein verdifull ressurs.
Salmon Evolution på Indre Harøy i Hustadvika, er eit av dei største landbaserte anlegga i Europa. Anleggets teknologi gir stabile og optimale forhold for fisken, med høy fiskevelferd, lav smitterisiko og minimale utslepp til omgjevnadene.
Nybonia i Midsund, Molde, eig «MS Midsund», ein av to linebåtar som eksporterer makrellstørje, norsk tunfisk, til Japan.
Vikomar på Indre Harøy, Hustadvika, driv moderne fabrikkar med høg kapasitet og avanserte prosesslinjer for både sild, heil rund makrell og makrellfilet.
Havforskingsinstituttet og Runde forsking vil bidra med innlegg om miljø og fiskehelse under besøket.
Bakgrunn
H.K.H. Kronprins Haakon skal på offisielt besøk til Japan i juni. Der vil han mellom anna legge vekt på den norske sjømatens betydning i Japan og det japanske sjømatmarknadens betydning for Noreg. Besøket i Romsdal gir nyttig kunnskap om norsk sjømatnæring.
Akkreditering
Redaksjonar som ønskjer å dekkje kronprinsens besøk, må søkje om akkreditering ved å bruke dette skjemaet innan 10. april kl. 12.00:
Akkreditering 13. april, H.K.H. Kronprins Haakon sitt besøk i Romsdal – Fyll ut skjema
Frammøte på Molde torg kl. 09.30. Besøket avsluttar i Bud ca. kl. 16.00.
- Journalistane må ha synlege pressekort.
- Deler av programmet er avhengig av båttransport. Det vil bli lagt opp til pressepool dersom mange journalistar ønsker å vere med på denne delen av dagen.
Kontakt:
· Statsforvaltaren i Møre og Romsdal: Kommunikasjonsleder Lena Skattum Sandvik, lena.sandvik@statsforvalteren.no
· Norges sjømatråd: Event manager Tove Sleipnes, ts@seafood.no
· Slottet: presse@slottet.no