Kronprins Haakon besøker Sagastad og ror Myklebustskipet 25. april 2026
Hans Kongelege Høyhet Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus avlegg Nordfjordeid i Stad kommune eit offisielt besøk laurdag 25. april. Dei kongelege gjestene vil ta del i sjøsettinga av Myklebustskipet, ei markering som set søkelys på norsk maritim kulturarv, tradisjonshandverk og vegen mot UNESCO-verdsarv.
20. april 2026
Besøket tek til ved kunnskapssenteret Sagastad, der følgjet får ei innføring i senteret sitt arbeid med formidling om Vikingtida generelt og om funna på Myklebust spesielt. Dette i tett samarbeid med Universitetet i Bergen. Deretter går ferda til Myklebusthaugen, gravhaugen der originalskipet – som er det største vikingskipet det er funne spor etter i Noreg – vart funne i 1874. Her vil dei kongelege gjestene få ei orientering om staden si historiske rolle som høvdingsete, og korleis dei norske skipsgravhaugane no vert vurdert for UNESCO si verdsarvliste.
Myklebusthaugen utmerker seg i denne samanhengen som den einaste kjende skipskremasjonsgrava i Skandinavia.
«Det er ei stor glede for oss å ta imot Kronprinsen og Prinsen her på Nordfjordeid. At vi får høve til å vise fram Myklebustskipet og fortelje historia om Myklebusthaugen til dei kongelege gjestene, betyr mykje for oss. For heile miljøet rundt vikingsenteret er dette til stor inspirasjon i det videre arbeidet med å bevare og formidle vår felles kulturarv», seier Synnøve Aabrekk, dagleg leiar ved Sagastad.
Etter eit formiddagsmåltid med vekt på lokale mattradisjonar, går programmet over til å fokusere på den levande kystkulturen. Ved kaia vil Kronprinsen og Prinsen møte dei lokale båtbyggjarane frå Bjørkedalen som bygde den 30 meter lange rekonstruksjonen av Myklebustskipet. Skipet vart teikna av Saxe Bjørkedal, som i 2002 vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for sin innsats for norsk kystkultur. Båtbyggjarane vil gje ei innføring i tradisjonell klinkbygging, eit handverk som er innskrive på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
Sjølve sjøsettinga utgjer den sentrale hendinga for dagen. Den årlege markeringa har etablert seg som ein tradisjon med betydeleg internasjonal rekkevidde, og har gjort Sagastad til den mest følgde attraksjonen i Skandinavia på sosiale medium med fleire hundre millionar visningar. Under årets sjøsetting vil Kronprins Haakon og Prins Sverre Magnus mønstre på som mannskap og ro side om side med "Rolaget Myklebust". Rolaget består av over 200 frivillige som saman deler interessa for å bevare kystkulturen og som gjennom året bidreg med uvurderleg dugnadsinnsats. I år har rolaget Myklebust også olja heile Myklebustskipet for første gong sidan skipsdåpen i 2019.
«Sjøsettinga kviler på ein massiv dugnadsinnsats frå dei mange frivillige i rolaget. At Kronprinsen og Prinsen i år vel å mønstre på for å ro saman med oss, er ei fantastisk oppmuntring for heile mannskapet og ei flott markering av den levande kystkulturen vår», seier Jacob Bredesen, Marknadssjef for Sagastad
Presse som ønsker å dekke besøket må akkrediteres. Send påmelding til statsforvalteren i Vestland v/ Edvard Høgestøl
E: edvard.hogestol@statsforvalteren.no tlf: 91383573
Anbefaler vikingarven som verdensarv (Riksantvikaren)
Kontaktinformasjon (Sagastad):
Synnøve Aabrekk
Dagleg leiar ved Sagastad
Tlf: 41622807 E: synnove@sagastad.no
Jacob Bredesen
Marknadssjef
Tlf: 46637819 E: jacob@sagastad.no