Hopp til hovedinnhold

Dignity Day 2009

H.K.H. Kronprinsen arrangerte Dignity Day på Elvebakken Skole i Oslo i dag. 250 elevar hadde møtt fram i auditoriet for å delta på programmet som Kronprinsen gjennomførte med støtte av representantar frå organisasjonen MOT.
22.10.2009

Målet med Dignity Day (Verdigheitsdagen) er å skape fokus rundt verdigheitsomgrepet og kva det inneber i kvardagen til den enkelte og andre menneske. Elevane diskuterer omgrep og deler erfaringar dei har for å kunne konkretisere kva dei legg i verdigheit, og hva dei kan gjere for å styrkje si eiga og andre si verdigheit.

Kva er Global Dignity?

Global Dignity er ein uavhengig, non-profit og upartisk organisasjon som ønskjer å vere til inspirasjon ved å motivere til verdigheitsbasert leiarskap.

Global Dignity har som mål å bringe verdigheitsbasert leiarskap inn på alle nivå – ikkje minst i utviklingsarbeidet. Som rettesnor i dette arbeidet har grunnleggjarane definert 5 prinsipp:

  1. Alle menneske har rett til å leve eit verdig liv.
  2. Eit verdig liv er å kunne bruke ressursane sine som menneske. Ein føresetnad for dette er å ha tilgang til eit tilfredsstillande nivå av helsetenester, utdanning, inntekt og tryggleik.
  3. Verdigheit er å ha fridom til å ta avgjerder og gjere val som vedkjem eins eige liv – og oppleve at denne retten blir møtt med respekt.
  4. Verdigheit bør vere det styrande prinsippet for alle handlingar.
  5. Vår eiga verdigheit heng nøye saman med andre si verdigheit.

Bakgrunn

Kronprins Haakon etablerte Global Dignity i 2006 saman med to andre medlemmer av Young Global Leaders – professor Pekka Himanen (Finland) og professor John Bryant (USA). Young Global Leaders spring ut frå World Economic Forum.

Tanken bak Global Dignity er å setje fokus på den universelle retten alle menneske har til å leve eit verdig liv. Alle menneske har sjansen til å auke verdigheita i andre sitt liv, og gjennom å gjere det aukar vi verdigheita i våre egne liv. Sidan 2006 har H.K.H. Kronprinsen, John Bryant og Pekka Himanen arrangert Dignity Days på skolar rundt i verda.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook