Hopp til hovedinnhold

Mangfald i arbeidslivet

H.K.H. Kronprinsessa var i dag til stades på ein konferanse i regi av Nordisk Forum. Innovasjon i det fleirkulturelle arbeidslivet vart diskutert frå mange ståstader.

05.11.2009

Nærings- og handelsminister Trond Giske heldt opningsinnlegget på konferansen, som vart halden i HSHs lokale på Solli plass i Oslo. 90 deltakarar frå organisasjons- og næringsliv hadde funne vegen for å lære om korleis ein kan skape eit godt fleirkulturelt mangfald på arbeidsplassen. Det var stiftinga Mangfold i Arbeidslivet, den danske foreininga Nydanskene og svenske Immigrantforeningen som stod som arrangørar.

Andre innleiarar var Nils Øveraas i Accenture Norge, Vibeke Hammer Madsen i HSH, Kristan Rose Trondstad i SSB, Maalfrid Braath frå Manpower, Bjørn Kopperud i Telenor, Manuela Ramin Osmundsen frå Likeverdige helsetjenester Helse Sørøst, Erik Roth og Ole Bjørn Brenna frå Posten og Torben Møller Hansen frå Foreningen Nydansker.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook