Femti år i rommet
Det var 18. august 1962 det starta. Klokka 09.09 vart Ferdinand I skoten opp og tok Noreg med seg inn i romalderen. Sidan da har meir enn tusen forskingsrakettar vorte sende opp fra Andøya. Rakettskytefeltet har vorte ei hjørnesteinsbedrift for norsk romforsking og norsk romverksemd og vil ha ei sentral oppgåve i den vidare utforskinga vår av verdsrommet.
Jubileumsfeiringa går over fleire dagar og har så langt omfatta både open dag, konferansar og seminar – for både fagpersonar og lekfolk – og kunst og konsert. I dag var Kongen til stades saman med representantar for Storting og regjering, lokale styresmakter, ambassadørar til Noreg og samarbeidspartnarar frå inn- og utland.
Eit virtuelt romskip
Det skal etablerast eit lærings- og opplevingssenter ved Andøya Rakettskytefelt, og i dag vart grunnsteinen lagd av Kong Harald. «Romskipet Hålogaland» skal ta barn og vaksne med på reiser ut i verdsrommet og inn i «Mission control», der dei må utføre oppgåver og handtere kriser. Kunnskap om matematikk og naturfag blir nøklar i oppgåveløysinga, og senteret er tenkt som ein viktig inspirator og rekrutterar til realfaga.
Space Circus
Eit stort sirkustelt var sett opp for å romme ettermiddagens jubileumsshow. På programmet stod musikk og song med artistar som Sivert Høiem og Tonje Unstad, pianisten Sveinar Aase og sopranen Birgitte Christensen. Tromsø Kammerorkester deltok, og det vart både sirkus- og teaterinnslag.
Kunstnaren Frans Widerberg har laga eit eige verk som markerer Noregs 50 år i rommet, og dette vart avduka under showet. Kunstverket vil få ein sentral plass på Andøya Rakettskytefelt.
Jubileumsrakett
Etter arrangementet vart det rakettoppskyting. Femti år i rommet vart markert med ein rakett av typen CRV-7, og publikum kunne følgje med frå god avstand. Alle kunne følgje nedteljinga frå utescene og storskjerm frå klokka 17.00 og fram til oppskytinga klokka 17.30.
I kveld blir jubileet markert med ein festmiddag i sirkusteltet, og i morgon held feiringa fram med ei rekkje arrangement.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.