Gjenoppbygging på Haiti
H.K.H.Kronprinsen avslutta onsdag besøket sitt på Haiti, der han har besøkt ei rekkje prosjekt i eigenskap av goodwill-ambassadør for FNs utviklingsprogram, UNDP.
Kronprins Haakon besøkte blant anna prosjekt knytte til gjenoppbygging av lokalsamfunn etter det øydeleggjande jordskjelvet som ramma Haiti i januar 2010.
Det såkalla CARMEN-prosjektet set familiar på Haiti i stand til å byggje opp att sine eigne heimar på ein trygg måte gjennom opplæring og lågterskelfinansieringsløysingar. Mange stader er det kvinner som leier an i gjenoppbygginga.
Besøk til miljøprosjekt
Tysdag besøkte Kronprinsen prosjekt i Les Cayes og Acul River. Her blir det arbeidd for å redusera risikoen for at flaum skal øydeleggja avlingar og bustader. Dette viktige førebyggjande arbeidet skjer mellom anna gjennom bygging av dike og ved å utbetra kanalar og drenering og er eit samarbeid mellom UNDP og lokale styresmakter.
Kronprins Haakon vart orientert om arbeida som blir gjorde, og fekk òg høve til å planta eit tre under besøket - dette som eit symbol på den omfattande skogplantinga som går føre seg i området.
Enorme mengder lausmassar
Kronprinsen fekk òg sjå arbeidet med å rydde hovudstaden Port-au-Prince for lausmassar og avfall etter det store jordskjelvet for to og eit halvt år sidan. Det er berekna at jordskjelvet førte med seg meir enn 10 millionar kubikkmeter lausmassar og avfall i byen. I dag er nesten 80 prosent av dette rydda unna, blant anna gjennom UNDPs «debris management programme».
Arbeidet med å rydde opp har skapt 27 500 mellombels jobbar, noko som har vore svært verdifullt i ein situasjon der mange mista arbeidet sitt som følgje av jordskjelvet.
Til slutt fekk Kronprins Haakon òg ein smakebit av kulturlivet i Haiti i form av ei danseoppvisning onsdag kveld.
Goodwillambassadør
Kronprins Haakon vart utnemnd til goodwillambassadør i 2003. I arbeidet sitt for UNDP har Kronprinsen særleg løfta fram FNs tusenårsmål – dei åtte måla for kamp mot global fattigdom som det internasjonale samfunnet har forplikta seg på å oppfylle innan 2015.
Aktuelle saker
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.