Talte til Elevtinget
I dag opna Elevtinget 2013 på Oslo Kongressenter. H.K.H. Kronprins Haakon var til stades ved opninga og understreka den viktige posisjonen organisasjonen har for elevar i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen i dag.
Det er den 14. gongen det blir halde Elevting – det største landsmøtet for ungdom. Kronprinsen heldt helsingstale til elevane og heldt fram Elevtinget som eit eksempel på demokrati og demokratilæring på sitt beste.
2013 er da òg eit spesielt år for demokratiet i Noreg: Vi feirar 100-årsjubileet for kvinners stemmerett, for retten for både kvinner og menn til å vere med og bestemme. Kronprins Haakon peika på dei historiske linjene – og på forskjellane som stadig eksisterer på verdsbasis når det gjeld lik tilgang til utdanning.
Elevtinget
Elevtinget er eit årleg arrangement i regi av Elevorganisasjonen og går over fem dagar. Landsmøtet samlar over 500 elevar og lærlingar frå ungdomsskolar og vidaregåande skolar over heile landet. Møtet vedtek blant anna kva Elevorganisasjonen skal jobbe med framover, og tek standpunkt i utdanningspolitiske saker.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.