Gudsteneste i Dronningparken
I ettermiddag vart 40-årsdagen til H.K.H. Kronprinsessa markert med friluftsgudsteneste i Dronningparken. Sjølve fødselsdagen er i morgon, 19. august.
Både Kongen og Dronninga, heile Kronprinsfamilien og Prinsesse Märtha Louise med familie var til stades under gudstenesta.
Sidan 2001 har Kronprinsesse Mette-Marit markert fødselsdagen sin med ei gudsteneste for venner og familie i Slottskapellet. I år var markeringa flytta til Dronningparken og utvida både med medarbeidarar og enkeltpersonar og representantar for organisasjonar Kronprinsessa har møtt gjennom arbeidet sitt. Det var Kongeparet som var vertskap for arrangementet.
Sol og solsikker
Mange av dei om lag 350 gjestene vart utstyrte med regnkapper – men i staden braut sola gjennom da gudstenesta starta. I skråningane omkring grassletta der det heile vart gjennomført, pryda tallause solsikker "kyrkjerommet".
Gudstenesta
Biskop emeritus Gunnar Stålsett forretta, bistått av studentprest og liturg Inger Anne Naterstad. Stålsett bygde preika si rundt historia frå Lukasevangeliet om Sakkeus som klatra opp i eit morbærtre for å få sjå Jesus.
Koret Soul Children, Solveig Slettahjell og Sondre Bratland gav vakkert tonefølgje til seremonien, som òg omfatta nattverd.
Prinsesse Ingrid Alexandra las Frans av Assisis bønn.
Kyrkjekaffi
Da gudstenesta var over, heldt Kong Harald og Dronning Sonja ein liten tale for Kronprinsessa, før dei inviterte alle på kyrkjekaffi. Lenger inn i Dronningparken var det dekt med kaffi og kaker, frukt, bollar og saft.
Heile gudstenesta blir send på NRK klokka 17.00.
Aktuelle saker
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.