Hopp til hovedinnhold

Opna det 159. stortinget

"Jeg hilser Stortinget velkommen til ansvarsfullt arbeid og ønsker at det må bli til gagn for fedrelandet." Med desse tradisjonsrike orda innleidde Hans Majestet i dag Trontalen og den høgtidelege opninga av Noregs 159. storting.

02.10.2014

Gangen i seremonien har vore nedfelt i § 74 i Grunnlova sidan 1814, og det er 200 år sidan Stortinget kom saman for første gong. Årlege storting vart innført først i 1871 – derfor er årets sesjon den 159. i rekkja og ikkje nummer 200.

Hans Majestet kom til Stortinget like før klokka 13.00, følgd av Hennar Majestet Dronninga og Den Høgvørde Kronprinsen. Dette er normalt den einaste gongen Kongen besøkjer Stortinget i løpet av eit år, og den einaste gongen både Konge og Regjering, Storting og Høgsterett er samla.

Trontalen og Tilstanden i riket

Det er to hovudelement i seremonien: Trontalen og Utgreiinga om tilstanden i riket. Kongen held Trontalen, men han er forfatta av representantar for Regjeringa. Talen trekkjer opp hovudlinene i politikken til regjeringa i året som kjem. Om nokre dagar følgjer trontaledebatten, der Regjering og opposisjon vil diskutere viktige moment frå talen.

Trontalen blir etterfølgd av ei utgreiing om tilstanden i riket. Dette er ein gjennomgang av kva Regjeringa har oppnådd det siste året, og tradisjonen tilseier at det er den yngste medlemmen i Regjeringa som held talen. I år var det kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som talte.

Når utgreiinga er halden, overrekkjer statsministeren henne til Kongen, som så overrekkjer både Trontalen og Utgreiinga om tilstanden i riket til Stortingspresidenten. Stortingspresidenten har det høgaste offentlege vervet i Noreg etter Kongen.

Seremoni fastlagd i Grunnlova

Seremonien rundt opninga av Stortinget er fastlagd i § 74 i Grunnlova:

"Så snart Stortinget har konstituert seg, opnar kongen eller den han set til det, forhandlingane med ei tale om tilstanden i riket og dei emna han særleg vil gjere Stortinget merksam på. Inga drøfting må skje med kongen til stades."

 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook