Konferanse om reproduktiv helse
H.K.H. Kronprinsessa var i ettermiddag til stades under den internasjonale EuroNGOs-konferansen om reproduktiv helse som blir arrangert over to dagar i Oslo.
EuroNGOs er eit europeisk nettverk som arbeider for å fremje universell tilgang til seksuell og reproduktiv helse og seksuelle og reproduktive rettar (SRHR) over heile verda. Konferansen i Oslo fokuserer på korleis det sivile samfunnet kan bidra til og arbeide vidare med den nye utviklingsagendaen post-2015. I tillegg ønskjer ein å fokusere på tema som har vorte utelatne eller berre marginalt inkluderte, med eit særleg søkjelys på seksuell og reproduktiv helse og seksuelle og reproduktive rettar.
Famnar heile verda
EuroNGOs består av 22 organisasjonar som arbeider innanfor SRHR. I tillegg har ein samarbeidspartnarar frå heile verda.
Hovudarbeidet til EuroNGOs er å leggje til rette for samarbeid ved å generere og dele informasjon og kunnskap, styrkje ferdigheiter og jobbe fram samla politiske innspel og tiltak.
Konferansen i Oslo er ei oppfølging av tidlegare EuroNGOs-konferansar i Brussel, Berlin og Madrid.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.