Hopp til hovedinnhold

Grønt skifte i landbruket

– Korleis skal vi klare å skaffe sunn mat på ein måte som kloden vår toler over tid? H.K.H. Kronprins Haakon talte på landbrukets årskongress i dag.

12.01.2016

Det grøne skiftet vi står overfor, er det sentrale temaet på Landbrukssamvirkets konferanse Mat og landbruk 2016, som blir arrangert i dag og i morgon. Tematikken vil bli belyst frå ei rekkje vinklar desse dagane og prega òg opningsinnlegga frå administrerande direktør i Norsk Landbrukssamvirke Ola Hedstein og landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Kronprinsen peika på innovasjon og ny teknologi i sitt innlegg:

– Eg er nok grunnleggjande teknologioptimist og er sikker på at vi stadig vil sjå nye oppfinningar som vil vere med på å løyse dei utfordringane vi møter. Innanfor det vi kallar "det grøne skiftet", er teknologisk innovasjon heilt sentralt. Framveksten av produkt som folk vil ha – og som samtidig gjer noko bra for kloden – gjer det enklare og meir morosamt å bevege seg i rett retning. Innanfor matproduksjon er vi òg heilt avhengige av innovative løysingar for at vi skal kunne møte både lokale og globale behov for berekraftig produksjon av nok mat.

Så fekk da òg Kronprins Haakon høve til å dele ut Landbrukets innovasjonspris i ettermiddag.

Innovasjonsprisen 2016

Innovasjonsprisen vart delt ut for andre år på rad i dag. Prisen heidrar personar eller føretak som vågar å satse på innovasjon innan bioøkonomi.

Prisen gjekk til SpermVital for å ha revolusjonert prosessen for inseminasjon av storfe. Dei har klart å forlengje levetida til spermiane etter inseminasjon til opp mot 48 timar. For mjølkebonden betyr dette store innsparingar, ettersom tidspunktet for inseminering blir mindre kritisk og sjansen for befrukting aukar.

Teknologien er etterspurd både nasjonalt og internasjonalt, og ein ser òg at det kan vere mogleg å overføre teknikken til andre dyreartar.

Dei to andre nominerte var

  • Biovotec og Nortura for arbeidet sitt med å industrialisere eggehinne som eit sårlækjande middel for kroniske sår
  • Felleskjøpet Fôrutvikling og Nutrimar for utviklinga av eit berekraftig blågrønt kylling- og svinefôr

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook