Mintest Holocaust
I dag vart Den internasjonale Holocaustdagen markert i Noreg for 15. gong. H.K.H. Kronprins Haakon var til stades på Akershuskaia i Oslo.
Markeringa vart gjord ved Minnesmerket over deporterte norske jødar. Minnesmerket står på Akershuskaia, som norske jødar vart deporterte frå med S/S “Donau”, og seinare andre skip, til konsentrasjons- og dødsleirar.
Talar og faklar
Det er i år 15. gong Holocaustdagen blir markert i Noreg, og hovudtalar i år var statsminister Erna Solberg. Det vart òg halde fleire kortare talar. Ervin Kohn representerer det mosaiske trussamfunnet i Noreg. I tillegg deltok representantar for rom, politiske fangar, funksjonshemma, taterar/romani, lesbiske og homofile, og russarfangane i Noreg.
Jødiske barn kom fram og tende faklar til minne om barna som mista livet. Barna stod òg for song og tekstlesing.
Markeringar fleire stader i landet
Det er ikkje berre i Oslo dagen blir markert. Fleire stader i landet har det i dag vore markeringar. Også ei rekkje skular gjennomfører eit undervisningsopplegg i regi av HL-senteret (Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetar). Elevar blir òg inviterte til å sende inn spørsmål via nettsidene til HL- senteret.
HL-senteret har ei oversikt over arrangement på nettsidene sine.
Holocaustdagen
Den 27. januar 1945 vart fangane i utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau sette fri av sovjetiske soldatar. Derfor vedtok FN i 2005 at denne datoen skulle vere Den internasjonale Holocaustdagen. Dagen er vigd minnet om offera for masseutryddingspolitikken til nazistane: planlagde, systematiske drap på jødar og ei rekkje andre minoritetar som rom, funksjonshemma, psykisk sjuke, homofile, Jehovas vitne og andre trussamfunn. Også den slaviske befolkninga i Polen og Sovjetunionen, sovjetiske krigsfangar, kommunistar og andre politiske motstandarar av nazismen vart utsette for massedrap i stor skala.
Dagen bidreg til bevisstgjering og refleksjon rundt korleis og kvifor ei slikt brotsverk kunne skje.
(Kjelde: HL-senteret)
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.