Avskjed i Høgsterett
I dag var Hans Majestet Kongen til stades i Høgsterett da justitiarius Tore Schei hadde sin siste arbeidsdag.
Høgsterettsjustitiarius er leiaren av Høgsterett og rangert som nummer fire i landet, etter Kongen, stortingspresidenten og statsministeren. Alle fire var til stades under avskjedsmarkeringa i dag.
Tore Schei går av for aldersgrensa etter å ha leidd den høgaste domstolen i landet sidan 2002. Høgsterett har 20 dommarar, inklusive justitiarius, og har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling.
Avskjedsmarkering
I tillegg til avtroppande justitiarius sjølv var leiaren i Advokatforeininga Erik Keiserud, stortingspresident Olemic Thommessen, justisminister Anders Anundsen og riksadvokat Tor-Aksel Busch blant talarane under markeringa, som vart halden i Høgsteretts plenumssal.
Første kvinne
I morgon 1. mars tiltrer Toril Marie Øie i stillinga. Ho blir Noregs første kvinnelege høgsterettsjustitiarius og den 20. i rekkja.
Øie har erfaring frå Justisdepartementet, frå arbeid både som dommarfullmektig og som sorenskrivar og har undervist ved Det juridiske fakultetet i Oslo i mange år. Ho har vore dommar i Høgsterett sidan 2004.
Aktuelle saker
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.