Hopp til hovedinnhold

Bokstopp langs Bergensbanen

I dag gjorde H.K.H. Kronprinsessas Litteraturtog dei to første stoppa sine. Det var duka for forfattar- og skodespelartreff på Voss og Gol.

02.06.2016

Litteraturtoget forlét i dag Bergen med retning hovudstaden, men gjer fleire litterære stopp underveis. Agnes Ravatns Fugletribunalet stod på programmet da toget kom til Voss.

I samtale med Ravatn

Kronprinsesse Mette-Marit og Agnes Ravatn møttest til samtale på Voss bibliotek. Men først fekk publikum høyre eit utdrag frå boka. Det var skodespelaren Marie Blokhus som las. Ho har fått Hedda-prisen for tolkinga si av hovudrolla i dramatiseringa av Fugletribunalet på Det Norske Teatret. Sjølv fekk Ravatn både P2-lyttaranes romanpris og Ungdommens kritikarpris for romanen, som vart utgjeven i 2013.

I samtalen som følgde, fortalde Agnes Ravatn kor stort ho hadde opplevd det at nokon ønskte å lage teater av boka hennar, at dei ønskte å vidareformidle hennar ting.

På scenen i Voss bibliotek kunne Ravatn fortelje at ho sjølv hadde arbeidd i bibliotek ei tid. Og sjølv om ho måtte innrømme eit dårleg grep om rutinane for fjernlån, hadde det vore ein særs inspirerande stad å arbeide. Kvar dag hadde ho "sprunge heim" for å skrive.

Og skrivinga avfødde sjølv den vidare handlinga. Agnes Ravatn visste ikkje alltid sjølv kvar historia skulle når ho sette seg for å skrive. Det var ein del av spenninga. Da ho begynte på Fugletribunalet, trudde ho det skulle vere eit komisk forviklingsdrama – berre for å oppdage at det var ein spenningsroman.

– Er det å skrive eksistensielt for deg? spurde Kronprinsessa.

– Eg trur alle menneske leitar etter ein måte dei kan oppfylle potensialet sitt på. For meg ligg det i skrivinga, svarte Agnes Ravatn.


Frå Voss drog toget vidare langs Bergensbanen til neste litteraturstopp, som var Gol.

Plass til biografiane

På Gol var det duka for sjangerbyte, for det er ikkje berre skjønnlitteratur i norske bokhyller. Forfattartreffet på Gol bibliotek var derfor eit møte med Kim Friele og biografen hennar, Ola Henmo.

Innleiingsvis las skodespelar Janne Heltberg utdrag frå Henmos portrett av Friele, Kampene, blant anna om Kim Frieles val om å bruke den enorme kapasiteten sin i arbeidet for homofiles rettar.

Korleis var det for biografen å forvalte historia til eit anna menneske?
– Det er eit stort ansvar og eit uløyseleg prosjekt, ingen klarer å fange eit heilt menneske, forklarte Ola Henmo da Kronprinsessa stilte han dette nærliggjande spørsmålet. Og han lærte mykje under arbeidet, både om Friele sjølv og om historia til homorørsla.

Den første tida var dette eit samfunn der homofili var kriminelt og stadig vart forklart som ei psykiatrisk liding. Friele var djupt opprørt over dette – både over kriminaliseringa av det som for henne var det mest naturlege i verda, og over at kriminaliseringa berre galdt mannlege homofile.
For kvinner hadde liksom ikkje nokon seksualitet, fnyste ho.

Friele er eit førebilete for Kronprinsessa, som takka henne for alt ho har betydd.
– Kim Friele har gjort Noreg til eit klokare samfunn, skreiv ho i NRKboks Twitter-intervju tidlegare denne veka.

I år 2000 vart Kim Friele utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.

I morgon fortset Litteraturtoget mot Oslo. På vegen stansar toget i Hønefoss, der Geir Gulliksen møter Lars Saabye Christensen til samtale.

#minbok

I høve Litteraturtoget blir alle – både langs ruta og alle andre stader – inviterte til å skrive om bokopplevingane sine og komme med eigne anbefalingar i sosiale medium med emneknaggen #minbok.

Vi samlar anbefalingane i ei eiga liste, som veks etter kvart som toget går.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook