Delte ut årets Kavliprisar
I dag vart det gjort heider på vinnarane av Kavliprisen 2016 i Oslo konserthus. H.K.H. Kronprins Haakon overrekte prisane.
Kavliprisen heidrar banebrytande bidrag innan astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Han blir delt ut av Det Norske Vitenskaps Akademi, og prispengane er på éin million dollar – i overkant av åtte millionar kroner.
Ni vinnarar
Astrofysikkprisen gjekk i år til Ronald W.P. Drever (Skottland), Kip S. Thorne (USA) og Rainer Weiss (USA) for «direkte påvising av gravitasjonsbølgjer», noko som vart registrert av LIGO-observatoriet i USA i fjor. Ved at gravitasjonsbølgjer er påviste, er ein del av Albert Einsteins 100 år gamle relativitetsteori bevist.
Vinnarane av kategorien nanovitskap, Gerd Binning (Tyskland) Christoph Gerber (Sveits) og Calvin Quate (USA), fekk prisen for å ha bygd atomkraftmikroskopet i 1986. Mikroskopet er så kraftig at ein kan sjå atom med det, og vitskapen opnar òg for å eksperimentere med DNA.
Amerikanarane Eve Marder, Carla J. Shatz og Michael M. Merzenich delte prisen for nevrovitskap. Trioen har på kvar sin måte utfordra oppfatninga om at hjernen er mest mottakeleg for læring i ung alder. Dei får prisen for «oppdaginga av mekanismar som lèt erfaring og nerveaktivitet omstrukturere hjernefunksjonen» – at hjernen til ein vaksen person òg er «fleksibel» eller «formbar».
Før seremonien i konserthuset møtte åtte av vinnarane til audiens hos Kronprinsregenten på Slottet. Ronald W.P. Drever kunne ikkje komme til Oslo, men bror hans tok i mot prisen på vegner av forskaren.
Den femte i rekkja
Kavliprisen i astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap blir delt ut annakvart år og vart første gong delt ut i 2008.
Prisen ber namnet til den norskamerikanske forretningsmannen Fred Kavli, som i si tid oppretta prisfondet. Denne gongen gjekk prisutdelinga føre seg utan Kavli til stades. Han døydde i november i 2013 i ein alder av 86 år.
Les meir om vinnarane og forskinga deira via peikaren til høgre.
Aktuelle saker
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.