Gratulantar til Kongeparet
I føremiddag kunne Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga ta imot representantar for det offisielle Noreg. Dei kom for å gratulere Kongeparet med 80-årsdagane.
Gratulasjonsdeputasjonane kom til Slottet frå klokka 11.00 i dag, og Kong Harald og Dronning Sonja tok imot dei i Spegelsalen på Slottet.
Gratulantane representerte det offisielle Noreg, med stortingspresident Olemic Thommessen i spissen. Han gav Kongeparet gåva frå Stortinget: eit måleri av Kong Olavs eidlegging i 1958. Det er kunstnaren Kira Wager som har måla den symboltunge seremonien.
Statsminister Erna Solberg leidde deputasjonen frå regjeringa. Ho er vertskap i morgon, når regjeringa held festmiddag i Operaen til ære for Kongeparet.
Kommunane gav Kongeparet tekstar til Framtidsbiblioteket. Tekstane får verken Kongeparet eller dei fleste av oss andre sjå: Først om 100 år blir tekstane tilgjengelige for publikum. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Sametinget, Høgsterett, diplomatkorpset, Kyrkjerådet, Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfun og Forsvaret var òg blant gratulantane i formiddag.
Klokka 17.30 startar festen på Slottsplassen, med musikk og drill og akrobatikk. Nær 40 kongelege gjester er venta og vil komme ut på Slottsbalkongen klokka 18.30. Da blir det bursdagssong på Slottsplassen!
Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen viser Kongeparet gåva frå Forsvaret: ein evakueringsbåt til kongeskipet. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.