Hopp til hovedinnhold

Bispevigsling i Nidaros

Hans Majestet Kongen var til stades da Herborg Oline Finnset vart vigsla til biskop i Nidaros i føremiddag. Herborg Oline Finnset er den første kvinnelege biskopen i Nidaros.

10.09.2017

Den nye biskopen vart vigsla til tenesta av leiaren for Bispemøtet, preses Helga Haugland Byfuglien.

«Folk vil lytte etter til din særlege tone. Du vil få bruk for livskunnskapen og ærlegdommen din. Med den nordnorske bakgrunnen din, den opne måten å kommunisere på og den jordnære trua di har du dei beste sjansar til å skape gode og nære møtestader, med enkeltmenneske og med grupper, med ulikt forhold til kyrkja», sa biskop Byfuglien i helsingstalen sin.

Prestar, biskopar og kyrkjeleiarar frå inn- og utland deltok i forbønnshandlinga.

Herborg Oline Finnset blir vigsla til biskop i Nidaros av preses Helga Haugland Byfuglien i Nidarosdomen. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix  


Etter at Finnset var vigsla til tenesta, leidde ho gudstenesta i Nidaros domkyrkje. Preika hennar tok utgangspunkt i søndagens tekst i det 20. kapittelet i Matteusevangeliet om arbeidarane i vingarden.

Første kvinne

Biskop Finnset overtek etter Tor Singsaas, som går av for aldersgrensa. Herborg Oline Finnset kjem frå stillinga som prost i Strinda, ei stilling ho tiltredde i januar. Frå 2005 til ho vart tilsett som prost i Stranda, var ho domprost i Tromsø. Ho er den første kvinna som blir vigsla til biskop i Nidaros, og den 33. lutherske biskopen i rekkja.

Herborg Oline Finnset er den første kvinnelege biskopen i Nidaros. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix


Biskopen er utdanna ved Det teologiske menighetsfakultet og vart ordinert til prest i Oslo i 1988. Finnset har brei erfaring med samisk kyrkjeliv og har vore med på å etablere og drive Tromsø Internasjonale Kirkemusikkfestival.

Olav den heilage

Nidaros bispedømme blir rekna som eitt av dei fem historiske bispedømma i Noreg. Historia byrjar med slaget på Stiklestad i 1030 og kåringa av Kong Olav II Haraldsson til helgen året etter.

Etter gudstenesta i Nidarosdomen er Kong Harald til stades ved ein lunsj i Erkebispegarden til ære for den nye biskopen.

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook