Markens grøde 100 år
Den Høgvørde Kronprinsessa var til stades ved ei markering av Knut Hamsuns store forteljing om bonden Isak Sellanraa. Boka vart utgjeven i 1917 og gav Hamsun nobelprisen i litteratur i 1920.
For å markere jubileet heldt Hamsunsenteret i Nordland ein litterær salong på SALT Art i Oslo – om Hamsun, kvinner og verdiar.
Men først var det høgtlesing frå «Markens grøde», akkompagnert av gitar. Nybrottsmannen, den fåmælte Isak, skaper eit gardsbruk av jordgamma på Sellanraa.
«Den lange, lange sti over myrene og inn i skogene, hvem har trakket opp den? Mannen, mennesket, den første som var her. Det var ingen sti før ham", skrev Hamsun.
Ved sida av han står hustrua, Inger.
Sterke kvinner
Vi finn sterke kvinner i «Markens grøde», skriv Hamsunsenteret i invitasjonen til kveldens salong; Hamsun skildrar det slik at mannen i marka ikkje klarer seg utan kvinnfolkhjelp … Har vi noko å lære av Hamsuns kvinner? Kvifor passar ikkje dette i vårt moderne verdisyn? Med i samtalen er blant andre Selma Lønning Aarø, som kom ut med kritikarroste «Hennes løgnaktige ytre» om Anna Munch og «forfølginga» hennar av Knut Hamsun.
Samtalen i kveld vart leidd av Solveig Hirsh ved Hamsunsenterets formidlingsavdeling.
Problematiske sider
Heile veka blir det forskjellige arrangement for å markere 100-årsjubileet til Hamsuns jordbruksepos «Markens grøde» og verdien i det litterære verket til forfattaren. Han blir rekna som ein av dei viktigaste forfattarane i norsk historie. Hamsun er blitt kalla den moderne litteraturens far og har hatt stor påverknad på mange forfattarar – som Thomas Mann og Franz Kafka.
Men arrangementa reflekterer òg rundt mange av dei problematiske sidene ved mennesket Knut Hamsun – ikkje minst det politiske synet og ståstaden hans under den andre verdskrigen.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.