Hopp til hovedinnhold

Utsmykkar Hurtigrutas nye ekspedisjonsskip

I dag kunne Hennar Majestet Dronninga annonsere samarbeidet mellom hennar eiga kunststifting QSPA og Hurtigruta. QSPA skal kuratere utsmykkinga av det nye skipet MS Roald Amundsen.

15.04.2018

Dronning Sonja presenterte samarbeidet om bord på Hurtigrutas MS Fram, som ligg ved kai i New York:

- Vi er samlet her i dag for å feire det unike samarbeidet mellom Hurtigruten og Queen Sonja Print Award. Hurtigruten etterstreber å gi sine gjester en uforglemmelig opplevelse. Å kunne nyte utsøkt kunst på reisen er en del av denne opplevelsen.

MS Roald Amundsen

I tillegg til den historiske ruta si langs norskekysten har Hurtigruta ei rekkje ekspedisjonsskip som tek gjester på ekspedisjonar til ulike delar av verda. Det nyaste skipet er MS Roald Amundsen, oppkalla etter den store polfararen, og det kjem blant anna til å segle i farvatna omkring Svalbard, Antarktis, Nordvestpassasjen og Arktis og på ekspedisjonscruise langs kysten av Noreg. Skipet vil vere klart i 2019 og blir det første ekspedisjonsskipet i verda som seglar heilelektrisk på hybridteknologi. Skipet blir prega av skandinavisk design – og norsk grafikk.

Dronninga og Hurtigrutas konsernsjef Daniel Skjeldam annonserte det nye samarbeidet om bord på MS Fram. Foto: Pontus Höök, HurtigrutaDronninga og Hurtigrutas konsernsjef Daniel Skjeldam annonserte det nye samarbeidet om bord på MS Fram. Foto: Pontus Höök, Hurtigruta

Eit grafikkskip

Om bord på Roald Amundsen vil eit internasjonalt publikum få oppleve grafikk av unge norske kunstnarar, i tillegg til tidlegare vinnarar av Queen Sonja Print Award og enkelte av Dronningas eigne arbeid. Nærare 600 kunstverk vil bli å sjå på lugarar og i fellesareal. Om lag 20 ulike kunstnarar og ei rekkje ulike teknikkar vil vere representerte.

Dronninga trekte lange historiske linjer da ho fortalde om skipet som vil segle med så mykje norsk kunst om bord:

- Vikingskipene var dekorert med de vakreste utskjæringer: Dragehoder og blomster, ornamenter og dyr prydet Leiv Eriksons skip der han kjempet seg gjennom bølgene på vei mot Newfoundland, der han først gikk i land. I dag, 1000 år senere, fører vi denne tradisjonen videre og dekorerer et stolt skip som seiler på våre hav i langt fredeligere ærend enn tilbake i tidlig vikingalder.


Enkelte av Dronningas eigne arbeid er blant verka som skal utsmykke MS Roald Amundsen. Foto: Pontus Höök, HurtigrutaEnkelte av Dronningas eigne arbeid er blant verka som skal utsmykke MS Roald Amundsen. Foto: Pontus Höök, Hurtigruta


Dei norske kunstnarane er valde ut i samarbeid med Kunsthøgskolen i Oslo, Universitetet i Bergen og NTNU i Trondheim. 

Viste fram i dag

Presentasjonen i dag omfatta òg ei lita utstilling med verk av nokre av dei aktuelle kunstnarane. Ei av dei, Julie Ebbing – som fekk the Kjell Nupen Memorial Grant i 2017 – var også til stades på arrangementet i dag.


Julie Ebbing er ein av grafikarane som skal visast om bord. Ho deltok på lanseringa i dag, der Dronning Sonja og konsernsjef Daniel Skjeldam presenterte samarbeidet. Foto: Pontus Höök, HurtigrutaJulie Ebbing er ein av grafikarane som skal visast om bord. Ho deltok på lanseringa i dag, der Dronning Sonja og konsernsjef Daniel Skjeldam presenterte samarbeidet. Foto: Pontus Höök, Hurtigruta

I tillegg vart det vist verk av Ragna Misvær Grønstad, Sverre Malling, Marius Martinussen, Anders Sletvold Moe, Per Stian Monsås, Cathrine Finsrud Stustad, Hedvig Thorkildsen og Kiyoshi Yamamoto.

Ekspanderer

Dronning Sonja kunne òg fortelje at QSPA no ekspanderer. På same måte som QSPA sjølv vil òg QSPA Americas Foundation ha som mål å skape interesse for grafikk og fremje utviklinga av grafisk kunst. 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter