Hopp til hovedinnhold

Toppoppgjer på Skaugum

Innsatsen var minst like god som i den pågåande Verdsmeisterskapen. Team Skaugum møtte Nordstrand Allsport under den årlege vennskapskampen på «Skaugum arena» i kveld.

18.06.2018

Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsen og Kronprinsessa, Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus gav alt da dei i kveld teama opp med tidlegare fotballspelar Hege Rise og landslagsspelar Guro Reiten. Motstandaren var Nordstrand Allsport, og legendariske Arne Scheie kommenterte hendinga. Med velkjent engasjement losa han alle gjennom kampen på 2 x 15 minutt.

Team Skaugum og Nordstrand Allsport i skjønn foreining. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Fotball for alle

Kampen er eit samarbeid mellom Noregs Fotballforbund og Kronprinsparet. Målet er å vise at alle kan ha det gøy med fotball. Laget frå Nordstrand består av flinke spelarar i alderen 10–21 år med fysisk eller psykisk utviklingshemming. 

Uavgjort til pause

Det stod uavgjort ved halv tid. Da hadde både Prinsesse Ingrid Alexandra og Kronprinsessa sørgd for mål til heimelaget, og Prinsen var òg svært nær ei scoring. Men Nordstrand Allsport gav alt og sørgde for uavgjort til pausen. 

Prins Sverre Magnus var nær ei scoring. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Etter pausen var spelarane på begge lag heiltente og svoltne på siger. Bortelaget hadde lenge føringa, før laget på Skaugum kom sterkt tilbake. Scheie gav Kronprinsessa ros for godt forsvarsspel i andre omgang. 

Kronprisessa i fint driv. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Da tida var ute, stod det 7–7. Dommaren bestemte at kampen skulle avgjerast etter første-målet-vinn-prinsippet. Nordstrand greip sjansen og sette inn det siste målet. Dermed enda kampen  8–7 til bortelaget. 

Etter kampen vart det felles feiring for begge lag med smoothiar og sandwichar.   

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook