Hopp til hovedinnhold

Opna sin eigen barndomsheim

Minna var mange da Hennar Majestet Dronninga i dag opna sin eigen barndomsheim på Maihaugen. Hans Majestet Kongen, Kronprinsparet og Prinsesse Märtha Louise var òg til stades.

27.08.2018

I dag vart Dronning Sonjas barndomsheim i Tuengen allé på Vindern i Oslo ein del av bustadfeltet på Maihaugen på Lillehammer. Funkisvillaen var ein av få stader der daverande Kronprins Harald og Sonja Haraldsen kunne møtast i dei lange åra fram til giftarmålet endeleg kunne skje. Etter kvart vart villaen svært så kjend:

- Det gikk fra å være et helt vanlig, godt, anonymt hjem – til å bli gjenstand for alles oppmerksomhet på begynnelsen av 60-tallet – da vi ikke lenger klarte å skjule at også landets kronprins var blant vennene som frekventerte Tuengen allé, fortalde Dronninga i opningstalen sin.

Kongeparet tilbake i "Tuengen allé". Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Kronprins Harald og Sonja Haraldsen i Tuengen allé etter at forlovinga var kunngjord. Foto: Aktuell / NTB scanpix


I dag er det nøyaktig 50 år sidan Dronning Sonja flytta ut frå Tuengen allé og inn på Slottet.

Ein god heim

Dronninga reflekterte også over kva ein heim eigentleg er.

For et hjem er mer enn et hus.
Et hjem skapes av mennesker, av opplevelser.
Et hjem skal være et fristed – som hjørneværelset mitt i 2. etasje alltid var.

Testen på et godt hjem er om man gleder seg til å komme dit – i visshet om at man der kan legge av seg alle masker, være seg selv. Hvile i en atmosfære av trygghet og kjærlighet. Jeg var så heldig å få oppleve dette. Og det ble skapt av kjære mennesker jeg var så heldig å ha rundt meg i min oppvekst.

Dronning Sonja kjem til opninga saman med Kongen, Kronprinsparet og Prinsesse Märtha Louise. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Typisk for si tid

Huset er eit typisk funkishus og var ein del av eit funkisområde på Vindern som vart bygd ut på byrjinga av 30-talet. Familien Haraldsens hus var innflyttingsklart i 1935, teikna av arkitekten Ernst Motzfeldt. Funkisstilen var gjennomført, både utvending og innvendig. 

I dag gjennomgår dette området store endringar, og mange av dei gamle trevillaene blir rivne. Riven vart òg Tuengen allé 1b – men da for å gjenreisast på Maihaugen og restaurerast.

- Jeg er oppriktig stolt og glad for at dette funkishuset fra 1934 har blitt vurdert som så representativt for sin stilart og sin tid at det har fått en plass i boligfeltet her på muséet, sa Dronningen i opningstalen sin.

Heimen i Tuengen allé er gjenskapt på Maihaugen på Lillehammer. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Restaureringa

Tuengen allé 1b var heimen til Dronning Sonja gjennom heile oppveksten hennar og heilt fram til ho fylte 31 år. Huset skal derfor spegle ulike fasar i livet til dronninga, skriv Maihaugen på nettsidene sine:

  • Utvendig har huset fått den opphavlege utsjånaden sin frå 1935.
  • Innvendig skal andre etasje tilbakeførast til 1930-talets funkisinteriør. Dronninga vart fødd i 1937, og barnerommet hennar blir eit av romma som publikum skal få sjå.
  • Første etasje vil bli tilbakeført slik huset såg ut på 1960-talet. Dette var perioden da Sonja Haraldsen og Kronprins Harald møttest her i Tuengen allé.  

Dronningas barndomsheim opnar for publikum 29. august – den dagen Kongeparet feirar gullbryllaupet sitt.  

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook