Hopp til hovedinnhold

Konsert for Kongeparet

Alle er velkomne når Forsvarets stabsmusikkorps inviterer til konsert på Oscarshall 3. september. Konserten er ei gåve til Kongeparets gullbryllaup, og Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga vil vere til stades. 

30.08.2018

Konserten blir halden utanfor lystslottet på Bygdøy måndag 3. september klokka 18.30. Arrangementet er gratis og ope for alle.

På programmet

Store delar av konsertprogrammet er henta frå korpsets nye innspeling «Tre Kongar», som gjev att musikk frå store hendingar under Noregs tre kongar etter 1905. Ein CD med innspelinga blir overrekt Kongeparet i gåve under konserten.

– Så lenge militærmusikken har eksistert i organisert form, har koplinga til kongehusa i Europa vore sterk. Militærmusikken har skapt høgtid og atmosfære ved kroningar, statsbesøk, opningar av nasjonalforsamlingar, bryllaup og gravferder, fortel musikkdirektør i Forsvarets stabsmusikkorps og dirigent på CD-en Andreas Hanson.

På Oscarshall blir det gjenhøyr med ein musikk frå ei rekkje store hendingar, ikkje minst Kongeparets eigen bryllaupsvals, skriven av den norske valsekongen Reidar Thommessen. Valsen vart første gong spelt under bryllaupsmiddagen på Det kongelege slottet.

Mange har opplevd stabsmusikken ulike stader i Oslo, som på vaktparade frå Akershus til Slottsplassen

Praktisk informasjon

Dato: 3. september
Tid: 18.30–19.30. Innslepp frå 17.30 til 18.15

Konserten blir halden utandørs, uansett vêrmelding. Hugs klede etter vêr. 
Det blir sett opp benker, i tillegg kan publikum setje seg på grasplenane omkring.

Det er ikkje høve til å parkere ved Oscarshall. Vi tilrår buss 30 til Norsk folkemuseum, derifrå er det ein spasertur på nokre minutt til Oscarshall.

Forsvarets stabsmusikkorps

Forsvarets stabsmusikkorps er Noregs største profesjonelle blåseorkester. Dei har det ærefulle oppdraget å leie an i barnetoget i Oslo 17. mai, og mange har hatt gleda av å sjå og høyre dei på vaktparade frå Akershus festning til Det kongelege slottet i sommarhalvåret. 

Oscarshall

Lystslottet Oscarshall ligg ned mot Frognerkilen på Bygdøy i Oslo. Det vart bygd på oppdrag av Kong Oscar I og Dronning Joséphine og stod ferdig i 1852. Anlegget blir rekna som eit av dei viktigaste nasjonalromantiske minnesmerka i landet. Det vil ikkje vere høve til å sjå Oscarshall frå innsida i samband med konserten, men publikum kan gjerne besøkje parken omkring.

Oscarshall ligg på Bygdøy utanfor Oslo. Konserten blir halden på plassen utanfor lystslottet. Foto: Jan Haug, Det kongelege hoffet

Konserten er eit samarbeid mellom Det kongelege hoffet og Forsvarets stabsmusikkorps.

Velkommen!

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook