Fremtidsbiblioteket
Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit overvar overrekkingsseremonien av to nye manuskript til Framtidsbiblioteket. Dette var tekst sju og ni i biblioteket, som gror og veks i takt med skogen.
I hjartet av skogen ligg ein by – i hjartet av byen ligg eit bibliotek – i hjartet av biblioteket ligg framtida.
Sånn begynte byråd for kultur og idrett, Omar Samy Gamal, si helsing under overleveringa av to nye manuskript til Framtidsbiblioteket. Seremonien vart halden midt i Framtidsbibliotekskogen i Nordmarka, der det er planta 1000 tre som skal vekse i takt med utvidinga av biblioteket. Oslo-ordførar Marianne Borgen tok imot manuskripta for oppbevaring på vegner av byen.
Fleire hundre vart med på gåturen inn til Framtidsbibliotekskogen der seremonien vart halden. Foto: Frederik Ringnes / NTB
Framtidsbiblioteket er eit prosjekt av kunstnar Katie Paterson, der forfattarar frå heile verda over dei neste hundre åra vil bidra med forsegla tekstar som først vil bli tilgjengelege i 2114.
På grunn av pandemien var det i år to forfattarar som overleverte tekstane sine, amerikansk-vietnamesiske Ocean Vuong for 2020 og tyske Judith Schalansky for 2022. Med berre titlane, «King Philip» og «Fluff and Splinters: a Chronicle», avslørt er det berre å vente i 91 år før vi får lese kva dei har skrive.
Tekstane blir oppbevarte i eit eige stillerom på Oslo-biblioteket Deichman Bjørvika.
Aktuelle saker
Gratulerer med dagen!
Kongefamilien kunne hilse barnetoget i Oslo fra Slottsbalkongen i strålende vårsol i dag. Rundt 120 skoler går i toget i år, og jubileumsskolen Hovseter førte an.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt artist, komponist, pianist og forfatter Ingrid Bjørnov, Tomter til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.