Kongen gratulerer Jon Fosse
- Jeg sender mine hjerteligste gratulasjoner i forbindelse med tildelingen av Nobels litteraturpris. Harald R
Denne helsinga har vorte sendt frå Hans Majestet Kong Harald til Noregs store forfattar og dramatikar Jon Fosse, som i dag vart tildelt Nobelprisen i litteratur.
Den viktigaste litteraturprisen i verda er tildelt Fosse «for hans nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege», skriv juryen.
Tre norske forfattarar har fått Nobelprisen i litteratur sidan den første prisen vart delt ut i 1901: Bjørnstjerne Bjørnson (1903), Knut Hamsun (1920) og Sigrid Undset (1928).
Jon Fosse bur til dagleg i «Grotten», staten sin æresbustad for kunstnarar, og vart utnemnt til Kommandør av St. Olavs Orden i 2005.
Aktuelle saker
Gratulerer med dagen!
Kongefamilien kunne hilse barnetoget i Oslo fra Slottsbalkongen i strålende vårsol i dag. Rundt 120 skoler går i toget i år, og jubileumsskolen Hovseter førte an.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt artist, komponist, pianist og forfatter Ingrid Bjørnov, Tomter til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.