Medaljemottaking på Slottet
Det er tradisjon å invitere mottakarar av Kongens fortenestmedalje til Slottet, og i dag heldt Kongeparet mottaking for 31 medaljemottakarar og følgjet deira.
Trond Henry Blattmann og Lisbeth Kristine Røyneland var blant gjestane. Begge har fått Kongens fortenestmedalje for sitt arbeid som leiarar i Nasjonal støttegruppe etter 22. juli.
Lisbeth Kristine Røyneland har fått Kongens fortenestmedalje. Ho vart følgd til mottakinga av Kjersti Moås Martinussen. Foto: Lise Åserud / NTB
Medaljemottakarane og følgjet deira vart først tekne med på ei omvising i dei vakraste romma på Slottet, før dei vart ønskte velkomne av Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga i Lille festsal.
Kongens fortenestmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Han blir delt ut for innsats av særleg samfunnsgagnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv og sosialt og humanitært arbeid.
Aktuelle saker
Gratulerer med dagen!
Kongefamilien kunne hilse barnetoget i Oslo fra Slottsbalkongen i strålende vårsol i dag. Rundt 120 skoler går i toget i år, og jubileumsskolen Hovseter førte an.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt artist, komponist, pianist og forfatter Ingrid Bjørnov, Tomter til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.