Familiebilde
I høve markeringa av Prins Sverre Magnus sin myndigheitsdag vart det tatt offisielle bilde av familien.
Bilda viser Prins Sverre Magnus saman med besteforeldre, foreldre og søster, og det er tatt i Den kvite salongen på Det kongelege slott.
Prins Sverre Magnus fyller 18 år sundag 3. desember, og i dag er familie, fadrar og representantar frå det offisielle Noreg og ungdomsorganisasjonar samla til lunsj på Slottet.
Prinsens bunad
Prins Sverre Magnus har fått ein bunad i fødselsdagsgåve frå Kongeparet, og i dag brukar han den for første gong. Bunadsmodellen er ein gråtrøyebunad frå Aust-Telemark frå ca. 1870.
Familiebilde tatt på Slottet i høve markeringa av myndigheitsdagen. Foto: Heiko Junge / NTB
H.K.H. Kronprinsen, H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra, Prins Sverre Magnus, H.M. Kongen, H.M. Dronninga, Marit Tjessem og H.K.H. Kronprinsessa. Foto: Heiko Junge / NTB
Aktuelle saker
Markerte frigjerings- og veterandagen
8. mai vart frigjeringsdagen og den nasjonale veterandagen markert over heile landet. Den Høgvørde Kronprinsen deltok i markeringa på Akershus festning i Oslo.
Statsbesøk fra Moldova
Moldovas president, Hennes Eksellense fr. Maia Sandu innledet mandag sitt statsbesøk til Norge. Hans Majestet Kongen og Hennes Majestet Dronningen er vertskap for besøket, og presidenten ble ønsket velkommen med en høytidelig seremoni på Slottsplassen.