Hopp til hovedinnhold

Møtte faktasjekkarar hos Faktisk.no

Påverknad, desinformasjon og eit stadig meir fragmentert informasjonslandskap var tema då Hans Majestet Kongen og Den Høgvørde Kronprinsen besøkte medieorganisasjonen Faktisk.no i Pressens hus i Oslo i dag.

23.01.2024

Faktisk.no er ein ideell organisasjon og ein uavhengig redaksjon for faktasjekk av samfunnsdebatten og det offentlege ordskiftet i Noreg. Redaksjonen faktasjekkar påstandar, bidrar med innsikt om aktuelle problemstillingar – og arbeider for at det norske samfunnet skal vere motstandsdyktig i møte med feilinformasjon.

Medieorganisasjonen vart etablert i 2017 som Noregs einaste uavhengige faktasjekkorganisasjon. Organisasjonen er eigd av VG, Dagbladet, NRK, TV2, Amedia og Polaris Media – og består av ein redaksjon, skuleavdelinga Tenk og utviklingsavdelinga Innsikt.

Ansvarleg redaktør Stian Eisenträger tok imot Kong Harald og Kronprins Haakon utanfor Pressens hus i Oslo, og ønskte innleiingsvis velkommen, før styreleiar og nyheitsredaktør i NRK Helje Solberg fortalte om Faktisk.no og kvifor vi treng ein faktasjekkorganisasjon i Noreg.

I Pressens hus møtte Kongen og Kronprinsen representantar frå norske medieorganisasjonar og foreiningar. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Leiar for skuleavdelinga Tenk Sølve Kuraas Karlsen orienterte Kongen og Kronprinsen om fokuset på å bygge motstandskraft i befolkninga i møte med påverknad, desinformasjon og eit stadig meir fragmentert informasjonslandskap.

Skuleavdelinga Tenk har hovudfokus på formidling, til unge og yrkesgrupper som jobbar med barn og unge. Tenk utviklar oppdaterte verktøy og teknikkar som kan nyttast i møte med informasjon som i stor grad blir styrt av algoritmar, og jobbar for å styrke kjeldekritikk og kritisk mediebruk. Nyleg lanserte dei ei undervisningspakke som skal ruste unge i møte med kunstig intelligens.

Verifiserer bilde og videoar

Å kunne stole på det pressa formidlar er ein viktig del av Noregs beredskap. Gjennom å faktasjekke både bilde, opplysningar og påstandar vi får presentert, gjer Faktisk.no ein viktig jobb for demokratiet og for ytringsfridomen.

Under besøket presenterte Faktisk.no sine faktasjekkarar caser dei har jobba med dei siste åra. Mellom anna fortalde faktasjekkar Sofie Svanes Flem om arbeidet knytt til gassrørleidninga Nord Stream 2, og korleis informasjon knytt til hendinga vart spredd.

Faktisk Verifiserbar består av reporterar, researcharar og faktasjekkarar frå ulike medium i heile Noreg som jobbar saman for å verifisere visuelt innhald og historier. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I samband med Russlands fullskala invasjon av Ukraina og den pågåande krigen i Midtausten, leier Faktisk.no samarbeidsprosjektet Faktisk Verifiserbar. Saman med medarbeidarar frå store delar av den norske mediebransjen jobbar dei med å verifisere bilde og videoar frå dei pågåande konfliktene. Kongen og Kronprinsen fekk høyre om metodane Faktisk Verifiserbar sin redaksjon nyttar under ei omvisning i deira lokale i Pressens hus.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook