Hopp til hovedinnhold

Opning av Landslovjubileet 2024

I år feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. Den Høgvørde Kronprins Haakon og Hennar Majestet Dronning Sonja inviterte til mottaking på Slottet i høve opninga.

31.01.2024

Kong Magnus VI – som fekk tilnamnet Lagabøte etter sin død – var den første kongen som samla heile Noreg under éi felles lov.

Kronprins Haakon får praktutgåva av Magnus Lagabøtes landslov frå nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre under mottakinga. Foto: Terje Pedersen / NTB

– Eg trur ikkje vi i dag fullt ut kan forstå kor radikal denne lova eigentleg var. Ho ga rettar til kvinner, barn og fattige som vi i dag tar som ei sjølvfølgje i eit velfungerande velferdssamfunn, sa Kronprins Haakon i velkomsttalen.

– Lova var dessutan eit resultat av at Norge i mellomalderen var eit land med utstrekt kontakt på tvers av landegrenser – med sterke impulsar frå andre europeiske land.

Les heile Kronprinsregentens tale

Landslovjubileet markerer starten på arbeidet med å gjere den intellektuelle sida ved norsk mellomalderhistorie til ein del av den felles forståinga vår. Nasjonalbiblioteket har ansvaret for den nasjonale koordineringa av jubileet.

Under mottakinga var det tale ved kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre. Det var tekstlesing av dei fire ungdommane Malene, Hanah, Aksel og Helle frå Edvard Munch vidaregåande skule.

Den norske folkemusikaren Øyonn Groven Myhren framførte mellomalderballaden om Falkvor Lommansson.

Dronning Sonja saman med musikar Øyonn Groven Myhren. Foto: Terje Pedersen / NTB

Dronning Sonja sa nokre ord avslutningsvis – med lykkeønskingar til alle som står bak dei ulike arrangementa dette året.

Les heile Dronningas tale

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook