Hopp til hovedinnhold

Besøkte Longyearbyen

Fredag slutta H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit seg til Kronprins Haakon og Kronprinsesse Victoria i Longyearbyen på Svalbard. Saman besøkte dei Universitetssenteret på Svalbard og Polarungen barnehage.

30.06.2008

Besøket starta i Polarungen barnehage fredag morgon, følgt av byvandring gjennom gatene i Longyearbyen. Langs ruta presenterte innbyggjarane kulturelle innslag som viste breidda i aktivitetane i den nordlegaste byen i verda.

På Universitetssenteret (UNIS) fekk Kronprinsparet og Kronprinsesse Victoria ei orientering om frølageret utanfor Longyearbyen og prosjektet &sub2;-fritt Svalbard.

Frølageret

Frølageret på Svalbard – også kalla ”dommedagskvelvet” – inneheld frø frå heile verda. Kvelvet skal sikre det genetiske mangfaldet i matplantene i verda for framtidige generasjonar. Frø som går tapt, for eksempel gjennom naturkatastrofar eller krig, vil kunne gjenskapast med frø frå kvelvet på Svalbard. Det finst òg frøsamlingar i andre kvelv rundt om i verda. Frøa lagra i permafrosten på Svalbard utgjer ein ekstra tryggleik.

CO2-fritt Svalbard

Direktøren for Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), Gunnar Sand, er ein av initiativtakarane bak prosjektet CO2-fritt Svalbard. Tanken er å bruke Svalbard som ein slags pilot for eit CO2-fritt samfunn, og visjonen er eit Svalbard fritt for CO2 innan 2025. Eit ledd i planen er at kolkraftverket i Longyearbyen skal fungere som pilotprosjekt for uttesting av ny reinsetekonologi.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook