Ukraina hardt ramma av HIV
Ukraina er det landet i Europa og Sentral-Asia som er sterkast påverka av hivepidemien. Samtidig er Ukraina eit land der hivpositive gjennom nettverka sine sjølve går fremst i kampen mot stigmatisering og i arbeidet for å styrkje tilbodet til hivpositive og aidssjuke.
All-Ukrainian Network of People living with Hiv er eit slikt nettverk, som for to år sidan tok imot Red Ribbon Award for arbeidet sitt mot diskriminering. Prisen vart delt ut av Kronprinsesse Mette-Marit under den internasjonale aidskonferansen i Toronto. Det offisielle besøket starta måndag med eit møte i lokala deira.
Programmet heldt fram med besøk til eit lokalt senter for menneske ramma av hiv. Senteret har rundt 1500 brukarar årleg og tilbyr eit breitt spekter av tenester i form av psykososial og praktisk støtte, behandling og informasjon. Senteret blir støtta av blant anna Kyrkjas Nødhjelp.
Seinare på dagen var Noregs ambassadør i Ukraina, Olav Berstad, vert for ein lunsj for dei mest sårbare gruppene. Kvinner og menn i prostitusjon, sprøytebrukarar og andre som er ekstra utsette, var samla for å fortelje om kvardagen sin og utfordringane sine som hivpositive. Mange fortalde om problem knytte til mangel på støtte- og behandlingstilbod.
Om kvelden heldt ambassadøren ei mottaking der 150 menneske var samla. Mange av dei driv hiv- og aidsrelatert arbeid i Ukraina, blant anna i form av frivillige organisasjonar og ungdommar som er såkalla ”peer educators”. Ambassadøren las talen til Kronprinsessa i hennar fråvær, og Peter Piot lyfta fram noko av det flotte arbeidet som blir gjort på grasrota i Ukraina for å kjempe mot epidemien.
Aktuelle saker
Kongsberg feiret 400 år
Det var duket for folkefest i Kongsberg da Kongen og Dronningen i dag var med på bursdagsfeiring.
Unge forskere
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under finaleseremonien i konkurransen Unge Forskere. Konkurransen har som mål å være en arena for engasjement og interesse for forskning blant ungdom.