Hopp til hovedinnhold

Menuhin-galla i Operaen

Hans Majestet Kongen var til stades på gallakonsert i Operaen i kveld. Konserten markerte avslutninga på den prestisjetunge Menuhin-konkurransen for unge fiolinistar, og det var Kong Harald som delte ut prisen til dei to vinnarane.

24.04.2010

Konkurransen har gått over fleire dager og i to klassar: Junior under 16 år og senior under 22 år. Dei 42 deltakarane har vore gjennom soloframføringar, spelt med stort orkester, spelt kammermusikk og drive improvisasjon.

Til slutt var det kanadiske Kerson Leong som vann juniorklassen, mens Xiang Yu fra Kina vart best av seniorane. Norske Guro Kleven Hagen vart tildelt EMCYs utmerking. EMCY er den europeiske samanslutninga av ungdomskonkurransar innan musikk. Kong Harald overrekte premiane til Kerson Leong og Xiang Yu under gallakonserten i Operahuset i kveld.

Gallakonsert

Spesielt for Menuhin-konkurransen er at det blir halde ei rekkje konsertar i den tida konkurransen varer. Her speler kjende musikarar, og blant dei medlemmene i juryen og tidlegare Menuhin-vinnarar. På kveldens gallakonsert spelte både Alexander Rybak, Arve Tellefsen og Oslo-Filharmonien, i tillegg til årets to vinnarar.

Oslo 2010

Det var fiolinvirtuosen Yehudi Menuhin som grunnla konkurransen i 1983. Han blir avvikla annakvart år, og dette er første gong det skjer utanfor Frankrike og Storbritannia. At Noreg vart valt, kom ifølgje den kunstnariske leiaren Gordon Back av ein kombinasjon av gode fasilitetar, eit sterkt og levande musikkmiljø og det at Noreg i år markerer 200-årsjubileet for vår eigen fiolinist og komponist Ole Bull.

Heile fem norske fiolinistar var valde ut til å delta blant dei 42 i konkurransen i år.

Konkurransen i 2010 er eit samarbeid mellom fem norske musikkorganisasjonar: Barratt Due musikkinstitutt, Den Norske Opera & Ballett, Oslo-Filharmonien, Norsk kulturskoleråd og Norges musikkhøgskole.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook