Opna Førdefestivalen
Hennar Majestet Dronninga stod for den offisielle opninga av Førde internasjonale folkemusikkfestival i går kveld. Dronninga er beskyttar for festivalen, som varer fram til 11. juli.
Opningskonserten "FRIDOM og undertrykking" gjekk av stabelen i Førdehuset i går og feira musikktradisjonar som lever trass i forsøk på undertrykking. Opningskonserten slo an årets festivaltema, der musikkens sprengkraft og overlevingsevne står i fokus.
Festivalen presenterer etnisk musikk frå heile verda og søkjer å engasjere dei beste utøvarane innan dei mange musikkulturane og musikkuttrykka i verda. Festivalen legg vekt på å få fram unge musikarar og nye produksjonar.
På scenen i går stod artistar som Aurelio Martinez (Honduras), The Kamkars (Iran/Kurdistan), Kroke (Polen), Malouma (Mauritania), Amal Murkus (Israel/ Palestina), Lars-Ánte Kuhmunen Band (Sverige/Sapmi), London Uyghur Ensemble (Kina/Kirgisistan) og Parno Graszt (Ungarn).
Dronninga i dag
I dag besøkjer Dronning Sonja Sunnfjord folkehøgskole. Her vil ho møte musikarar frå Brasil og Kapp Verde som deltek i det internasjonale talentprosjektet på festivalen.
Dronninga vil òg vere til stades på Førde Torg, der det blant anna blir musikalske innslag med barn frå Førde, gruppa Frigg (Finland/Noreg) og Cimarron frå Colombia.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.