Besøkte "Troll" på Beitostølen
Under besøket var Prinsessa med deltakarane rundt på mange av dei ulike aktivitetane: fysioterapi, bassengtrening, klatring, badminton og sykling. Prinsessa prøvde sjølv både liggjesykkel og handsykkel. Etter ei omvising i aktivitetshjelpsbygget vart besøket avslutta med ein hyggeleg felleslunsj i kantina.
Rehabilitering gjennom aktivitet
Beitostølen Helseportsenter er ein rehabiliteringsinstitusjon for barn, unge og vaksne med nedsett funksjonsevne og har fokus på tilpassa fysisk aktivitet. Senteret vart opna for 40 år sidan av daverande Kronprins Harald.
Målet med det fire veker lange opphaldet Troll er blant anna å heve kompetansen på eigen sjukdom, auke innsikta i eiga funksjonsevne, gjennomføre aktivitetar ut frå eigne premissar, erfaringsutveksling og utviding av det sosiale nettverket. Opphaldet blir tilpassa dei ulike deltakarane, slik at sjølv dei som er svært fysisk svake og har vanskeleg for å henge med på andre gruppeprogram, skal kunne vere med.
"Troll"
Namnet Troll er henta frå desse omgrepa:
T = Tålmod
R = Rehabilitering
O = Oppleving
L = Likeverd
L = Livsglede
Prinsesse Märtha Louise er beskyttar for Foreningen for Muskelsyke.
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.