Fekk Tora Mostrastongprisen
Representantar for prisen overrekte utmerkinga under ein audiens på Skaugum i føremiddag.
Prisen har form av ein statuett - ein kopi av Tora-statuen ved gamle Moster kyrkje. Han blir delt ut "til ei kvinne som har utmerka seg ved å vise omsorg, nestekjærleik og forståing for medmenneske som gjerne slit med vanskar".
Dette er andre gong prisen blir delt ut. Den første Tora Mostrastongprisen – prisen for 2009 – gjekk til Gulatings-lagmann Hanne Sophie Greve "for mangeårig og uredd innsats i kampen for menneskerettar og rettferd både nasjonalt og internasjonalt".
Kven var Tora?
Vikingkvinna Tora høyrde til ei av dei gjævaste ættene på Vestlandet og fekk truleg tilnamnet Mostrastong fordi ho var høgreist og stolt. Harald Hårfagre møtte Tora på Moster, og ho kom i teneste hos han. Med tida fødde ho kongen ein son. Han skulle bli Håkon den gode, Adalsteinsfostre, som blant anna starta arbeidet med kristninga av Noreg. Tora støtta sonen i gjerninga hans.
Statuen over Tora på Moster vart reist blant anna som eit symbol på den viktige rolla kvinner har spelt, men som ikkje har fått særleg plass i historiebøkene.
Toraseminaret
Tora har òg gjeve namn til Toraseminaret som blir halde i Bømlo kvart år. Formålet til seminaret er å fremje kunnskap om forhold som legg premissane for kvinners rolle i samfunnet - før og no.
(Kjelde: Mostraspelet.no)
Aktuelle saker
UNDP Human Development Report
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede under den norske lanseringen av FNs utviklingsprograms Human Development Report.
50 år med Framtiden i våre hender
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede under en rapportlansering i anledning organisasjonen Framtiden i våre henders jubileum.